Velkomen!
Eben Eser Fammestad - ein pinsemenighet i Lindås kommune.
Eben Eser driv eit allsidig arbeid med mykje fokus på barne- og ungdomsarbeid.
Vi har samlingar jamnt over to gonger i veka; med bønnemøte torsdagar og vanlege møte søndagar. På søndagane har vi forkynnarar frå menigheten eller andre stader frå.
Du er alltid velkomen til menigheten!
Møteserie ved Oddvar Tegnander
Publisert 27. april 2012 - 15:27 av Rønnaug
Frå 6. til 13.mai talar bibellærar Oddvar Tegnander
på møte i Eben Eser Fammestad, Betel Leknes og Betania Lervåg
Søndag 6.mai i Eben Eser kl 11.00
Søndag 6.mai og tysdag 8.mai i Betel Leiknes kl 19.00
Onsdag 9. og torsdag 10.mai i Betania Lervåg kl 19.00
Laurdag 12. og søndag 13.mai i Betel Leiknes kl 19.00
Velkomen!
Påsketankar
Publisert 4. april 2012 - 22:49 av Harald
Veka vi er inne i er kalla den stille veka. Kva tenkjer vi på med det ?
Det er historiens største drama vi tenkjer på. Dette at Gud i Kristus forlikte verda med seg sjølv. Dette skjedde då Jesus leid, døydde og stod opp att. Dette er det største offer og den mest vidtrekkjande kjærleikshandling frå Gud. Her beviste Gud at han dømmer synda i heile menneskeslekta og let Jesus ta dommen. Her beviste Gud at han er heilag og rettferdig, men også kva for uendeleg kjærleik han har til alle menneske.
Kor stort inntrykk gjer dette på oss menneske ? Bibelen seier at den som trur/tek i mot denne utstrekte handa frå Gud, vil oppleva at hendingane i påskeveka får avgjerande verknad på heile tilværet til personen og gir evig liv.
Junioren ønsker velkomen til Purimfest
Publisert 15. mars 2012 - 18:08 av Rønnaug
Laurdag 17.mars - frå kl 18.00 til kl 21.00
Aldersgruppe: 3.klasse og oppover. Alle er velkomne om dei ikkje går på Junioren. Dette får du oppleve:
Film om dronning Ester - Song og musikk
God mat / kiosk - og mykje meir!:-)
Om Purim:
Purim har sitt opphav i det jødiske diasporamiljøet. Pur er hebraisk for lodd og henspiller på hvordan man kastet lodd for å avgjøre dagen for når en skulle utrydde alle jøder som bodde i Persia.
Fellesmøte med Marit og Irene
Publisert 5. mars 2012 - 11:06 av HaraldFellesmøte med Marit og Irene.
med evangelistane Marit Stokken og Irene Krokeide Alnes.
Alle møta tek til kl.19.30,
og det vert bønnesamling kvar kveld kl.19.00 i sakristiet.
Reise til Etiopia 23.februar til 2.mars
Publisert 9. februar 2012 - 23:21 av Harald
Den 23.februar skal Helge Bjørklund reisa til Etiopia og litt seinare til Somaliland. Han har invitert representantar frå dei menighetene som støttar arbeidet hans til å vera med. Det er 5 menigheter (Eben Eser-Fammestad ,Osterøy Pinsemenighet, Pinsekirken Tabernaklet-Bergen, Eben Ezer-Volda og Betania-Knarvik) som støttar arbeidet. Alle desse vert representerte på reisa. I tillegg vert det med ein representant frå PYM (Pinsevennenes Ytre Misjon).
Bibeltimar ved Terje Berg
Publisert 11. januar 2012 - 23:18 av Rønnaug
Fra torsdag 19.januar til søndag 22.januar vil Terje Berg besøke distriktet.
Velkomen til bibeltimane!
Eben Eser: Torsdag 19.jan. kl 19.00
Betel, Sletta: Fredag 20.jan kl 19.00
Eben Eser: Laurdag 21. jan kl 11.00. To bibeltimar + enkel servering
Betel, Leknes: Laurdag 21.jan. kl 19.00
Eben Eser: Søndag kl.11.00 - Fellesmøte
med Betania Knarvik. Song av Hatikva
Signe ut igjen til Chile
Publisert 29. desember 2011 - 20:08 av Harald
Signe Hauge Karlsen var heime i Norge ei tid i haust. Ca.1.desember reiste ho ut igjen til Chile. Ho og mannen, Juan, er pastorpar i ein menighet i Conception . Her har dei no fått tak i leigd lokale til møtesamlingar. Dei har også fleire bibel-grupper. I tillegg til arbeidet i Conception driv dei arbeid i Chillan, ein by som ligg ca.1 time unna med bil. Det er mange som kjem til møta og bibelgruppene og arbeidet er veksande.
Som kjent, er Eben Eser utsendarmenighet for Signe. Vi støttar henne også ein del økonomisk.
Signe reknar med å koma tilbake til Norge i juni 2012. Juan kjem hit i august.
Syng Jula Inn
Publisert 8. desember 2011 - 20:41 av Jorunn
Laurdag 17. desember vert det "Syng jula inn" i Eben Eser!
Alle er hjarteleg velkomne kl. 16.00
Det vert m.a.
- Song av Glade Barn
- Song av Songgruppa
- Fellessong
- Andakt med fleire aktørar
- Enkel bevertning
- Juletregang
Jorunn og Arve i India
Publisert 27. november 2011 - 11:24 av Jorunn
Etter min første tur til India i 2010 saman med Bente og Kåre, var det med stor glede vi sette oss på flyet nok ein gong. Denne gongen fekk eg også med meg min mann, Arve.
Vi har opplevd mykje på turen. Møtet med fadderbarnet vårt vart eit av dei største, der vi fekk møta han og hans nye familie. Ein sprudlande og glad gutt som får mykje kjærleik og omsorg.